Origami (折紙 origami - papirbretting) er ein japansk kunstform som går ut på å brette papir. Ordet origami tyder å brette papir, og på japansk kan origami brukast om all papirbretting, uansett kor han kjem frå.
I origami nyttar ein berre somme brettar, men dei kan kombinerast på mange måter. Det er vanleg å bruke eit kvadratisk ark, ofte med fargar eller mønstre, og ein klipper ikkje i arket. I motsetning til det mange trur, tillet tradisjonell japansk origami, som har vore praktisert sidan Edoperioden(1603-1867), ofte klipping, og ein kan også bruke eit rektangulært eller sirkulært ark i denne typen origami.
![]() |
Den mest kjende origamifiguren er nok tranen. Sagnet seier at om du brettar 1000 tranar kan du ynskje deg kva som helst. |
![]() |
Døme på origamisk arkitektur og modulær origami. Terningen er sett saman av 6 modular. |
Dette var ein liten introduksjon til bloggen min, og eg vonar dette er interessant for andre enn meg :)
Kul blogg! Gleder meg til å se hva mer du lager :) Du må legge ut den store kula du har i stua!
SvarSlettHehe, da va planen å legga ut den ette kvart :) Trur eg må ta tebake da utlånte speilreflekskameraet, for mobilen klare ikkje å ta så veeeldig bra bilde. Viss eg ikkje ska gå for den meir kornete looken på bloggen min då :P
SvarSlett