Det som er kjekt med origamisk arkitektur (OA) er at du kan lage ting som ser veldig avansert ut med kun ein tapetkniv og eit ark. Det enklaste er å teikne mønsteret på ruteark først, og så skjære gjennom mønsteret på det papiret du vil bruke etterpå.
 |
Mønster til kortet nedanfor. |
 |
Kortet til mønsteret ovanfor |
Når du har skore ut mønsteret og bretta det ut kan du lime på eit anna ark på baksida og du har eit såkalla pop-up-kort :)
Her er eit par kort eg har laga dei siste dagane.
Dei fleste er berre litt tilfeldig leiking med mønster, men traktoren er på bestilling frå Kyrre, sidan han er heilt freeeelst for Moods of Norway!